Tyrkia og Nederland vann

Les hele artikkelen

Stillinga i toppen av Norges VM-kvalifiseringsgruppe er uendra etter kampane laurdag.
Tyrkia sleit overraskande lenge mot Gibraltar, laget Norge skal møte tysdag. Tyrkia brende ein straffe etter berre tre minutt, og fekk ikkje teljande resultat før etter 65 minutt. Men det blei 3-0 til slutt.
Nederland fekk det lett mot Montenegro, og vann 4-0. Memphis Depay scora på straffe i første omgang, og dobla etter 62 minutt. Georginio Wijnaldum og Cody Gakpo sette dei to siste.
Halvveges i kvaiken leier Tyrkia med 11 poeng. Nederland og Norge har 10.
Gruppevinnaren går direkte til VM, toaren går til vidare kvalifisering.