Den forsvunne tennisstjerna Peng Shuai skal ifølgje kinesiske medium ha sendt ei melding der ho seier at ho er heime og slappar av og har det bra.
Men presidenten i WTA, det internasjonale tennisforbundet for kvinner, tvilar sterkt på at meldinga er ekte.
«Eg er verken sakna eller utrygg. Alt er bra», står det i meldinga, som er omtala i det statlege engelskspråklege mediet CGTN.
Men WTA-president Steve Simon trur ikkje på det. Tvert i mot.
– Meldinga i kinesiske statlege medium gjer meg berre endå meir uroleg for henne og hennar tryggleik, seier Simon i ei fråsegn.
Han seier han har prøvd via mange kanalar å få kontakt med Peng, men utan resultat.
– Eg vil ha ei uavhengig stadfesting av at ho har det bra, seier Simon.
Shuai fortalde tidlegare denne månaden om at ho hadde blitt valdteken av ein tidlegare visepresident i Kina. I meldinga i dag står det også at skuldingane ho kom med, ikkje er sanne.
Etter at ho fortalde den historia, har ingen høyrt frå henne, noko som har skapt oppstyr i heile idrettsverda.