Trygga ligaleiinga med straffe

Les hele artikkelen

Eit straffespark midt i andre omgang sikra Manchester City 1-0 over Wolverhampton. Dermed auka også City leiinga til fire poeng ned til toaren Liverpool.
Straffen blei dømt for ein hands, men var ikkje opplagt. Likevel blei det dømt straffe etter langvarig VAR-sjekk.
City dominerte kampen og hadde rikeleg med store sjansar til å avgjere kampen på anna vis. Men Wolves-forsvaret rydda godt unna. Gjestenes jobb blei vanskelgare då Raul Jimenez fekk to gule kort med berre sekunds mellomrom ret før pause og måtte ut.
Likevel hadde dei ein stor sjanse til uavgjort på overtid. Wolverhampton er på åttandeplass.