Truar med å ikkje frigje spelarar

Europeiske klubbar har meldt til FIFA at dei ikkje vil gje spelarar fri til Afrka-meisterskapet i fotball, melder nyheitsbyrået AFP.
Årsaka er den sterkt aukande og lettsmitta omikron-varianten av korona.
– Vi kan ikkje sjå at det afrikanske fotballforbundet har kome fram til gode nok tryggleiksprotokollar, står det i brevet frå ECA, organisasjonen for dei leiande klubbane i Europa.
Det internasjonale regelverket krev at klubbane skal frigi aktuelle spelarar til meisterskap.
Meisterskapet skal spelast i Kamerun frå 9. januar til 6. februar, etter å ha blitt utsett frå den planlagde perioden i juni/juli i år.