Tre mann ute av U21-troppen

Les hele artikkelen

Noah Holm, Markus Solbakken og Elias K. Hagen er ikkje på plass for U21-landslaget før EM-kvalifiseringskampen mot Kroatia.
Landslagssjef Leif Gunnar Smedrud opplyser til VG at dei har teke inn Belgia-proff Kristian Malt Arnstad frå G19-landslaget og at Juventus-spelar Martin Palumbo er komen inn i troppen.
Smedrud seier også til avisa at han har eit håp om at både Solbakken og Hagen kan rekke å bidra i dei andre kampane på denne av samlinga. Noreg møter også Finland borte og Aserbajdsjan heime.
Holm spelar til vanleg i Rosenborg, medan midtbaneduoen Solbakken og Hagen spelar for Viking og Bodø/Glimt.