Tyrkias nye landslagstrenar Stefan Kuntz gir sjansen til tre debutantar i sin tropp til VM-kvalifiseringskampen mot Noreg på fredag.
Berat Ayberk Özdemir (Trabzonspor), Berkan İsmail Kutlu (Trabzonspor) og Serdar Dursun (Fenerbahçe) kan alle få sine første minutt med landslagsfotball når Tyrkia tek imot Noreg i Istanbul.
Tyrkia må klare seg utan Çaglar Söyüncü (Leicester) og Ozan Kabak (Norwich) som må sone ein suspensjon mot Noreg.
Noreg slit på si side med skader før den viktige kvalifiseringskampen. André Hansen, Sander Berge og Alexander Sørloth er ikkje aktuelle til samlinga, medan Erling Braut Haaland må kjempe ein kamp mot klokka for å bli skadefri i tide.