Uno-X-ryttar Torstein Træen viste solid form då han vart nummer fem i ein svært tøff klatreetappe i sykkelrittet Tour de Langkawi i Malaysia onsdag.
Den tredje etappen, sjølve kongeetappen i rittet, vart sykla over 124,2 kilometer frå Putrajaya til Genting Highlands. Den vart avslutta med to tøffe stigningar.
På toppen av det heile måtte ryttarane hanskast med eit veldig styrtregn nokre kilometer før målgang.
Colombianaren Ivan Sosa gjekk til topps på etappen. Nærast seg hadde han den meritterte briten Hugh Carthy.
Nordmannen var slått med to minutt og ti sekund av vinnaren. Opp til Rubio på tredjeplass skilde det samtidig berre 14 sekund.
Samanlagt klatra Træen til femteplass i rittet. Han er også der litt over to minutt bak leiande Sosa.
Tour de Langkawi blir avslutta kommande tysdag. Før den tid skal ryttarane mellom anna gjennom endå ein fjelletappe.
Torstein Træen er tilbake på sykkelsetet etter å ha vorte ramma av testikkelkreft tidlegare i år.