På grunn av dronning Elisabeths død blir ikkje sykkelrittet Tour of Britain fullført. Det avgjorde arrangørane torsdag. Først kunngjorde dei at den sjette etappen av rittet fredag skulle avlysast, litt seinare kom beskjeden om at heile resten av rittet bli avlyst.
Det skulle etter planen ha blitt avslutta på Isle of Wight søndag.
Seks nordmenn har deltatt i rittet, med Anders Skaarseth som den beste med 17.-plass samanlagt.