Det var i dag tidleg full forvirring om Tottenhams serieligakamp mot Rennes. Men omsider stadfesta UEFA at kampen et utsett.
Tottenham har minst åtte spelarar ute med koronasmitte, og sende i går kveld ut melding om at kampen var utsett.
Men det protesterte Rennes på, og UEFA slo i dag tilegg fast at kampen likevel skal spelast i kveld.
– Kampen går som planlagt, skreiv UEFA i ei kort melding torsdag morgon.
Men etter eit par timar kom kontrabeskjeden: Kampen skal likevel utsettast.
Tottenham må vinne for å vere sikker på avansement, medan Birger Melings Rennes allereie er gruppevinnar.
Tottenham har stengt treningsarenaen inntil vidare, og har også søkt Premier League om å få utsett kampen mot Brighton søndag.