Tottenham har sparka sin manager Nuno Espirito Santo. Det stadfestar klubben i ei kort pressemelding. Santo har hatt jobben i berre fire månader.
Han blei kåra til månadens manager i august.
Tottenham ligg på ein skuffande åttandeplass på tabellen. Det som fekk begeret til å renne over for klubbeigarane, var 0-3 på heimebane mot Manchester United laurdag.