England var i praksis sikre på VM-plass før kveldens kamp, men for å understreke det fullstendig, gav dei seg ikkje før det stod 10-0 i bortekampen mot San Marino.
Det stod 6-0 etter første omgang. Dei fire siste før pausen scora Harry Kane i løpet av 15 minutt, etter at Harry Maguire og eit sjølvmål hadde opna ballet.
Etter pause scora Emile Smith-Rowe, Tyrone Mings, Tammy Abraham og Bukayo Saka.
San Marino avslutta med 10 mann etter ei utvisning midt i andre omgang.
England enda dermed på 26 poeng, seks framfor Polen, som dermed går inn i omspelrunden, der 12 lag i mars skal spele om tre VM-plassar.