Tore André Flo skal trene Sogndal

Les hele artikkelen

Tore André Flo (48) blir Sogndals hovudtrenar etter at Eirik Bakke gjev seg etter inneverande sesong.
Det opplyser 1. divisjonsklubben på sin nettstad onsdag.
Flo har arbeidd i Premier League-klubben Chelsea dei siste åra, men kjem altså no heim til Noreg og Sogndal for å ta fatt på jobben som trenar for laget. Han har skrive treårskontrakt med Sogndal, med start ved årsskiftet.
– Vi takkar Chelsea for ein ryddig prosess og eit godt samarbeid, skriv Sogndal i pressemeldinga.
Flo spela sjølv for Sogndal i 1993-94 og i 2011-12. Han spela totalt 63 kampar for klubben.
Han har spela for ei rad norske og britiske klubbar, pluss italienske Siena.
Sogndal er på kvalikplass i 1. divisjon når to rundar står att.