Tøffare kamp for Klaesson

Les hele artikkelen

Leeds har forsterka stallen på keeperplass ved å hente inn rutinerte Joel Robles (32) frå Betis.
32-åringen skreiv tysdag under på ein eittårskontrakt for Premier League-klubben. Robles’ kontrakt med Betis gjekk ut etter førre sesong, og dermed kunne han hentast utan overgangssum.
Leeds har frå før målvaktene Illan Meslier og Kristoffer Klaesson i A-stallen. Nordmannen, som har stått éin Premier League-kamp for klubben, må belage seg på hardare konkurranse med Robles på plass.
Spanjolen har tidlegare spilt for Atlético Madrid, Rayo Vallecano, Wigan og Everton, så han er godt kjent med den engelske ligaen frå før.