Jesper Karlsson og Carl Starfelt er begge skadd og mister søndagens kamp mot Noreg i nasjonsligaen i fotball.
Alkmaars Karlsson fekk skaden før Sverige drog til Slovenia, og den gjer at han mister dei tre neste kampane.
– Det er utruleg tungt at eg må forlate samlinga, skriv Karlsson på Instagram.
Seinare fredag kom landslagsleiinga med beskjeden om at også Celtics Carl Starfelt ikkje kan fullføre samlinga.
Midtstopparen Starfelt spelte frå start då Sverige slo Slovenia borte tidlegare denne veka, men måtte ut med skade før 1. omgang var ferdigspelt.
PÃ¥ plussida for Sverige er at Manchester Uniteds Anthony Elanga er tilbake i trening.