Anders Mol/Christian Sørum og Mathias Berntsen/Hendrik Mol er begge klare for kvartfinalar i King of the Court-turneringa i sandvolleyball i Utrecht fredag.
Det er eit annleis turneringsformat der det er inntil fem lag på bana i kamp om poeng, og der laget med færrast poeng blir slått ut etter kvart. I torsdagens gruppespel var Mol/Sørum best i si gruppe, Berntsen/Mol tredje best i sin.
Svein Oddmund Solhaug og Markus Mol blei nummer fire i si gruppe og får ein ny sjanse i omspel fredag.
De to andre norske duoane er i kvar si kvartfinalegruppe fredag.
Turneringa bløir avslutta søndag.