2. omgang av rennet i Willingen blei avlyst. Dermed blei stillinga etter første omgang også resultatlista. Royayu Kobayashi vann rennet framfor Halvor Egner Granerud og Marius Lindvik.
Dei to nordmennene slo til med kjempehopp på 137 og 143 meter. Det var landslagssjef Alekxander Stöckl veldig nøgd med.
– Eg skreik så dei høyrde det i heile dalen, sa han til TV 3 etter rennet. – Sjølvtilliten blir berre betre av dette.
Sjølv om Kobayashi hoppa endå betre og vann.
Robert Johanson blei nummer 16 og Robin Pedersen 19. Pedersen hadde eit kjempehopp på 151 meter i prøveomgangen.
Verdscupleiar Karl Geiger mislykast og blei nummer 20.
Det var vanskelege forhold med vind og regn i Willingen, derfor blei rennet avbrote etter ein omgang.