To brot sende Ruud ut

Les hele artikkelen

Casper Ruud er ute av Paris Masters etter 5-7, 4-6 mot tyske Alexander Zverev i kvartfinalen.
Zverev braut Ruuds sjette servegame i første sett, og det andre i andre sett, samstundes som han aldri let Ruud bryte sin eigen serve. Dermed stansa Ruuds ferd i kvarten.
I første sett følgde dei kvarandre til 5-5, før det glapp for Ruud.
I andre sett kom Zverev raskt i førarsetet etter å ha brote Ruuds andre servegame. Ruud var nær ved å bryte tilbake til 4-4, men det heldt ikkje heilt inn.
Olympiameister Zverev var fjerdeseeda i turneringa, Ruud sjette. Zverev skal no møte verdstoar Danijl Medvedev i semifinalen laurdag.