Det norske dommarparet Lars Jørum og Håvard Kleven er kalla inn til herre-EM i handball like før meisterskapen startar.
Det melder Det europeiske handballforbundet (EHF). Det same gjeld dei franske systrene Charlotte og Julia Bonaventura. Begge para blei nominerte søndag, og er på plass i EM-bobla.
I september blei 18 dommarpar tatt ut til EM, men då var det verken norsk eller fransk innslag i uttaket. Bonaventura-jentene har dømt finaler i meisterskap tidlegare.
Jørum og Kleven dømde også i VM for menn i fjor. Koronasituasjon er ein av grunnene til at EHF har utvida til 20 dommarpar.
EM startar torsdag då det skal spelast ni kampar.