Til finale i Sverige

Les hele artikkelen

Norge sitt førstelag vann den første semifinalen i Skidskyttekampen på Stockholms stadion måndag kveld. Ingrid Landmark Tandrevold og Johannes Thingnes Bø gjekk for dette Norge-laget.
Dei vann 5,5 sekund framfor Sverige sitt andrelag.
– Det var ein veldig bra semifinale av oss. Eg fekk 10 treff, sjølv om eg rota litt med magasinet før eine skytinga mi, sa Thingnes Bø til SVT etter at semifinalen var over.
– Vi skal prøve å gjere det endå betre i finalen, varslar Landmark Tandrevold.
Norge sitt andre- og tredjelag deltek i den andre semifinalen.
Norge 2 består av Juni Arnekleiv og Vetle Sjåstad Christiansen, som vann denne konkurransen i fjor.
Tarjei Bø og Karoline Offigstad Knotten går for Norge 3.
Skidskyttekampen er ikkje ein del av verdscupen.