Tidlegare Viking-keeper er død

Les hele artikkelen

Anthony Basso, tidlegare keeper for Viking, er død. Det melder Stavanger Aftenblad, som igjen siterer franske medier.
– Det er med tungt hjarte me har fått nyheita om at den tidlegare målvakta vår Anthony Basso har gått bort. Våre tankar går til familien og vennene hans, skriv Viking på Twitter/X.
Han vart berre 45 år.
Franskmannen var i Viking i sesongen 2005 og 2006, og spelte til saman 38 kampar (to i NM) for Viking.