Paris Saint-Germain greidde berre 1-1 heime mot Lens, men sikra seg likevel sitt tiande franske ligameisterskap laurdag kveld.
Marseille på andreplass er 16 poeng bak med fem kampar att. PSG gjenerobrar dermed tittelen etter å ha tapt på målstreken for Lille i fjor.
I kveldens kamp scora Lionel Messi for PSG midt i andre omgang. Men Corentin Jean utlikna to minutt før slutt. Lens fekk ein mann utvist etter 57 minutt.