Thorisdottir haldt nullen

Les hele artikkelen

Manchester United måtte reise seg etter braktapet 1–6 mot Chelsea førre helg. Mot Birmingham fekk Maria Thorisdottir og hennar lagvenninner ei mykje betre oppleving søndag kveld.
For dei raude frå Manchester hadde god kontroll mot eit Birmingham som førebels er poenglause i årets ligaspel. Skåringar frå Leah Galton og Ella Toone sørga for ein kontrollert 2–0 siger for Manchester United.
Thorisdottir spelte heile kampen då United haldt nullen, medan Vilde Bøe Risa kom inn frå benken då det stod att 20 minutt.