Tar utestenginga til CAS

Les hele artikkelen

Russland er utestengde frå europacupane i fotball neste sesong. Fire klubbar ankar avgjerda inn til Den internasjonale valdgiftsretten for sport (CAS).
Zenit St. Petersburg, Dinamo Moskva, Sotsji og CSKA Moskva går saman i eit forsøk på å få gjort om Uefa-vedtaket. Det europeiske fotballforbundet vedtok tidlegare i månaden å føre vidare sanksjonane sine som følgje av den russiske krigføringa i Ukraina.
«Vi håpar at prinsippa for idretten blir haldne oppe», står det i ei fråsegn frå CSKA, ifølgje nyheitsbyrået Tass.
Uefa-utestenginga rammar både russiske landslag og klubbar. Kvinnelandslaget får ikkje delta i EM-sluttspelet i sommar, og herrelaget blir nekta spel i nasjonsligaen og blir påført eit tvangsnedrykk.