Mats Zuccarello måtte stå over med skade då hans Minnesota Wild møtte Ottawa Senators i Canada. Heimelaget blei for sterke for Wild og vann til slutt 4–3.
The Athletic-journalist Michael Russo tvitrar at Zuccarello har ein skade i overkroppen, men ikkje alvorleg. Det er venta at 34-åringen, som har vore brennheit for Wild denne sesongen, er tilbake når laget møter Toronto Maple Leafs torsdag.
Nordmannen står med ti målpoeng på dei siste fem kampane og ligg an til å levere sin beste sesong poengmessig med god margin.