Tapte mot verdsmeisteren

Les hele artikkelen

Grace Bullen gjekk på eit dramatisk tap mot kanadiske Linda Morais i kvalifiseringsrunden i 59-kilosklassen, til trass for at ho leda 10–3 på eit tidspunkt.
– Ho startar offensivt og bryt veldig bra. Det verkar som ho var skrudd på, og det er heilt spektakulært å sjå på når det fungerer, seier NRK sin bryteekspert Mats Ravnanger Rolfsen.
Mot slutten av omgangen mista Bullen den store leiinga, på akkurat same måte som i OL-kvalifiseringa. Ho prøvde å bryte taktisk, og slutta å vere offensiv.
– Ho prøver å lukke butikken, men det ender med at ho blir lagt på fall, seier Rolfsen.
Ein fallsiger er eit grep ein tar ved å få motstandaren sine skuldre samstundes i matta, og held ho der i eitt sekund.
Bullen er ferdig for dagen, men håpet er framleis der. Fordelen med at Morais er regjerande verdsmeister, er at om ho går heile vegen til finale, får Bullen ein ny sjanse gjennom ein re-kvalifisering, kalla «repechage». Om det scenarioet blir til, skal Bullen bryte igjen i morgon.