Bodø/Glimt blir leivd 3 prosent sjanse til å bli gruppevinnar i Europaligaen medan Molde vil bite frå seg i Conferenceligaen. Det viser kalkylar frå Gracenote.
Glimt er i ei tøff gruppe med Arsenal (England), PSV Eindhoven (Nederland) og Zürich (Sveits). Nordlendingane blir gitt størst sjanse (43 prosent) til å bli trear og ta seg til eit omspel om ein plass i utslagsfasen i Conferenceligaen.
Talknusarane hos selskapet Gracenote meiner Glimt-moglegheita til å bli nummer to er på 16 prosent. Ei slik plassering gir omspel i Europaligaen mot utslåtte lag frå Champions League.
Molde spelar i Uefas tredje europacup. Romsdalingane er i gruppe med Gent (Belgia), Shamrock Rovers (Irland) og Djurgården (Sverige). Gracenote gir dei 45 prosents sjanse til å ta seg til åttedelsfinale i Conferenceligaen som gruppevinnar.
Arsenal får den beste vinnarsjansen (11 prosent) framfor Manchester United (10) til å vinne Europaligaen. I Conferenceligaen er Villarreal (Spania) soleklar favoritt på 38 prosent mot engelske West Hams 12.