McLarens Lando Norris gav eit overraskande svar til pressa etter det blei klart at Daniel Ricciardo ikkje køyrer for Formel 1-laget neste sesong.
– Eg hatar å si det, men nei, eg synest ikkje synd på han. Folk vil nok hate meg for å seie det, sa Norris ifølge Daily Mail.
Onsdag blei det klart av McLaren og Ricciardo skil lag etter sesongen.
– Det er vanskeleg fordi eg veit aldri om eg vil hamne i same situasjon i framtida, med dette laget eller eit anna team, sa Norris og heldt fram:
– Eg må berre fokusere på køyringa. Det er ikkje min jobb å fokusere på nokon andre, og eg er ingen trenar. Eg er ikkje her for å hjelpe og gjere den slags ting.
Ifølge britiske medium får Ricciardo, som har vunne åtte grand prix-løp, ei utbetaling frå McLaren på rundt 240 millionar kroner for å terminere kontrakten.