Den tidlegare langrennsløparen Sverre Steinsheim er død, 88 år gammal.
Stensheim gjekk bort laurdag kveld. Han blir omtalt som ei kjempe i norsk skisport, og han er den einaste i etterkrigstida som har vunne femmila i Holmenkollen tre år på rad. Det gjorde han frå 1959 til 1961. Han vann femmila også i Lahti i 1962.
Oppdølen, som representerte idrettslaget Snøhetta, tok to NM-gull på 30 kilometer i 1959 og 1960, men blei aldri meister på det han rekna som sin spesialdistanse, 50 kilometer.
I OL og VM klatra han aldri opp på sigerspallen. Hans beste plassering var femteplassen på 50 kilometer i OL 1964.
Stensheim vart tildelt Morgenbladets gullmedalje i 1959 og Holmenkollmedaljen i 1960.