Sveriges landslagssjef ikkje til Qatar: – Ei personleg markering for meg

Les hele artikkelen

Den svenske landslagstrenaren Janne Andersson kjem ikkje til å dra til Qatar under verdsmeisterskapen i fotball i slutten av året.
Det uttalte han på ein pressekonferanse før duellen mot Serbia i nasjonsligaen.
– Det er for meg personleg ei markering å ikkje reise, seier Andersson.
Han meiner at så få som mogleg frå det svenske fotballforbundet burde ta turen ned til fotballmeisterskapen.
– Det er betre at vi dreg så få som mogleg og at dei som eventuelt har roller som tilseier at dei burde reise, gjer det. Og eg blir heime. Det bestemde eg meg for i sommar då vi byrja å diskutere det.
Han legg til at dei ikkje veit kven i det svenske forbundet som eventuelt reiser ned til meisterskapen.