Berre timar etter at Noreg slo Puerto Rico med 36 mål, følgde Sverige opp med ein 35-målssiger mot Kasakhstan i den same hallen.
Nathalie Hagman var Sveriges store spelar med heile 18 nettkjenningar i kampen som enda 55–20.
Storsigeren var svært viktig for Sverige, som kjempar ein hard kamp med Nederland om å ta seg vidare til kvartfinalen av handball VM. Etter at dei to spela uavgjort i grunnspelet kan det fort bli målskilnad som skal skilje dei to laga når mellomspelet er over.
Både Sverige og Nederland skal møte Noreg, medan dei gulkledde skal ut i aksjon mot Romania, som tapte for Nederland med berre eitt mål tidlegare i dag.
Nederland skal på sin side møte nettopp Kasakhstan i den siste kampen i mellomspelet, som vil avgjere kven som, sannsynlegvis, slår følgje med Noreg til kvartfinalane i meisterskapet.