Svensk keeper mista søvnen etter EM-exit

Les hele artikkelen

EM-semifinalen mot England enda med braktap for dei svenske fotballdamene. No fortel keeper Hedvig Lindahl (39) om fleire tøffe døgn.
– Eg vaknar midt på natta og har vanskar med å sove. Det er den same kjensla eg har hatt ved uttak der eg har satsa alt og følt at eg ikkje er bra nok.
Det skriv den 39 år gamle burvoktaren i eit innlegg på Instagram.
Lindahl var uheldig både på Englands tredje og fjerde mål.
– Å sleppe inn ein tunnel og ein lobb på den største scenen får ei bølgje av skamkjensle til å skylje over meg. Det er utruleg pinleg.
Semifinaletapet mot England var etter alt å dømme også Lindahls avslutning.
– Eg spelte som om det var min siste kamp, men eg hadde sjølvsagt håpa at det skulle bli ein til. Eg reknar ikkje med at det blir fleire kampar, avsluttar ho.