Svensk dominans på sprint – Sundling sterkast

Les hele artikkelen

Jonna Sundling blei overlegen i sprintfinalen i Toblach som bestod av fire svenskar, ein amerikanar og ein tyskar.
– Det var ein veldig bra dag for meg. Det var akkurat dette kroppen ville. Det var flott å konkurrere for meg i dag når kroppen svarer såpass bra, seier Sundling til NRK.
Det skjedde etter at nesten alle norske deltakarar rauk ut i kvartfinalen, utanom Mathilde Myhrvold, som tok seg til semifinalen. Ho er einaste utøvar som ikkje er teken ut til VM.
Maja Dahlqvist blei nummer to og Jessie Diggins nummer tre.
Lotta Udnes Weng, som hadde ein pangstart på sesongen, rauk ut allereie i kvartfinaleheatet etter det ekspertane kalla eit svakt heat frå den norske kvinna.
– Med eit så dårleg kvartfinaleheat må ein rekne med å ryke ut. Ho har fått litt å tenkje på. I Les Rousses byrja formen formante litt, og sprinten i dag var litt i same trenden. Ho er ikkje heilt i slag, seier Torgeir Bjørn.
Han tvilar på kva som vil vere det rette å gjere for Udnes Weng i tida fram mot VM.
– Det er viktig at ho gjer dei riktige grepa for å finne VM-forma. Det er ikkje sikkert at det er lurt å ligge i høgda og konkurrere mykje slik som ho ser ut no, seier Bjørn.