Klæbo best på sprinten – smilte lurt etter lagkameratens revansje

Les hele artikkelen

Johannes Høsflot Klæbo kom rett frå treningsleir i høgda og vann sprinten i Toblach overlegent. I målområdet smilte han lurt då han såg at lagkamerat Håvard Solås Taugbøl blei nummer to.
– Smilet til Klæbo er kanskje like mykje på vegner av Taugbøl. Vi var usikker på om han kom til finalen, seier NRKs ekspert Torgeir Bjørn.
Taugbøl fekk nemleg ein dramatisk inngang på finalen, etter å ha blitt påkøyrd i målområdet under semifinaleheatet.
– Nei, og nei! Han ligg nede og har så vondt, skreik Bjørn då Taugbøl bremsa ned etter målstreken, og blei deretter takla i bakken av sveitsiske Valerio Grond som kom inn som tredjemann.
Han vridde seg i smerter, og måtte bli undersøkt av medisinsk personell før han fekk klarsignal til å starte finalen.
Etter finalen angra ikkje Taugbøl på at han stilte til start.
– Eg har ei veldig svak skulder og det har skjedd fleire gonger tidlegare at den har sklidd ut av leddet. Det var det eg kjente no, at eg måtte bruke litt makt for å få den inn att, seier Taugbøl til NRK.
Han er ikkje redd for at skulderproblemet vil gi vidare utfordringar framover mot VM.
– No er den berre sår, men eg er ikkje noko bekymra. Det har skjedd mange gonger før, men ikkje etter eit semifinaleheat i ein verdscup, seier han.