Sveits slo Ungarn etter praktmål

Les hele artikkelen

To nydelege nettkjenningar i første omgang og eit mål på overtid sikra sveitsarane 3–1 siger mot Ungarn.
Og det med to EM-debutantar i hovudrolla.
12 minutt ut i kampen spelar Michel Aebischer opp i bakrommet og leverer ein draumepasning til Kwadwo Duah, som i kveld spelte sin andre landskamp for Sveits. Han er iskald og skyt ballen lekkert opp i det venstre hjørnet.
Sveitsarane måtte vente før dei kunne sleppe jubelen laus for fult. Målet vart først annullert, men ein VAR-sjekk gjorde om på offsiden.
På tampen av første omgang var det mannen som serverte første mål som viste fram meir ballkunst. Frå 20 meter tar Michel Aebischer ein touch i bana før han bøyer ballen elegant ned i lengste ved stolperota. Også han er EM-debutant.
Ungarn meir på hogget etter sidebyte og i det 66 minutt kom reduseringa. Barnavás Varga styrer ballen i mål med pannebrasken.
Ungarn heldt fram med å presse, men i sluttminutta opna dette mogelegheit for Sveits, og innbytar Breel Embolo kunne med ein utsøkt lobb punktere kampen tre minutt på overtid.