Sveits og Irland tok dei to siste europeiske plassane i neste års fotball-VM i Australia og New Zealand.
I dei avgjerande omspelkampane tysdag kveld slo Sveits Wales 2-1 etter ekstraomgangar. Irland slo Skottland 1-0.
Portugal slo Island 4-1 etter ekstraomgangar, men blei likevel rangert som tredje best av omspelvinnarane.
Det betyr at dei skal ut i interkontinentalt omspel på New Zealand i februar. Der skal ti lag kjempe om dei tre siste plassane i VM. Portugal blir toppseeda i omspelet, og trekninga av gruppene og kampane skjer fredag.
VM går frå 20. juli til 20. august neste år, og omfattar 32 lag. Norge er blant dei kvalifiserte.