Tua Tagovailoa, ein av dei beste unge quarterbackane i NFL, pådrog seg ein stygg hovudskade måndag. At han i det heile spelte kampen har skapt hissig diskusjon.
Miami Dolphins-stjerna fekk ein smell i hovudet også i sigeren over Buffalo Bills sist søndag. Etterpå var han ustø og verka omtåka, men han vart ikkje sett i protokollen for hjerneristing og kom tilbake på banen. Fire dagar seinare starta han mot Cincinnati Bengals.
I slutten av første halvdel vart han takla av 154 kilo tunge Josh Tupou og slengt i bakken så han landa med nakken og bakhovudet først. Han vart liggjande urørleg med hendene i ein unaturleg posisjon framfor ansiktet og fingrane spreidd ut. Medisinske ekspertar seier at det er eit symptom på alvorleg hovudskade.
Tagovailoa vart stabilisert og frakta til sjukehus med nakkekrage. Så langt er det opplyst at han har skadar i hovud og nakke, men at han er medviten og har full førleik.
Mykje tyder på at han i det minste har fått ei kraftig hjerneristing, og kanskje noko verre.
Både NFL og spelarforeininga innleidde gransking då Dolphins klarerte Tagovailoa for vidare spel søndag.
Med Tagovailoa på sjukehus fekk Dophins sitt første tap for sesongen.