Strand Larsen med sjansesløsing – Wolves tapte

Les hele artikkelen

Wolverhampton tapte 3–0 heime mot høgtflygande Nottingham Forest i Premier League måndag kveld.
Med normal sjanseutteljing for den norske Wolves-spissen Jørgen Strand Larsen hadde det derimot fort gått annleis.
Etter at Morgan Gibbs-White sende Forest opp i leiinga etter sju minutt fekk Strand Larsen nemleg tre store sjansar utover i omgangen.
Den eine ein vart blokkert på streken, på den andre skaut Strand Larsen hol i lufta – og den tredje vart fint redda av Forest-keeper Matz Sels.
Like før pause dobla formsterke Chris Wood leiinga for Forest.
Jørgen Strand Larsen hadde ein bra sjanse også i 2. omgang, men Sels vart ikkje overlista denne gongen heller.
– I dag har ikkje Strand Larsen hatt marginane på si side, sa Viaplay-kommentator Peter Veland.
På overtid punkterte Taiwo Awoniyi kampen for bortelaget.
Sigeren gjer at Nottingham Forest ligg på tredjeplass med 40 poeng på 20 kampar. Berre målforskjellen gjer at dei ligg under Arsenal på tabellen.
I motsett ende av tabellen er det berre målforskjell som gjer at Wolves ligg over streken.