Storhamar til kvartfinale

Les hele artikkelen

Storhamars handballkvinner gjorde jobben i Russland og slo Lada Togliatti 30–25 søndag. Det sikra meir europaligaspel i ein utslagsduell mot Viborg.
Gjestene frå Hamar slapp inn det første målet, men det skulle bli det einaste tidspunktet Lada var i leiinga. Storhamar hadde likevel berre eit knapt forsprang inn til kvilen.
I andre omgang gjekk Kenneth Gabrielsens utvalde offensivt ut og skaffa seg ei femmåls luke. Det avgjorde i praksis kampen.
Storhamar enda på seks poeng etter like mange kampar i gruppe C. Det heldt til å bli toar bak suverene Herning-Ikast frå Danmark.
Emilie Hovden blei Storhamars toppscorar med sju mål. Kvartfinalemøtet med Viborg blir spesielt for hennar del. Etter sesongen forlèt ho Storhamar for å bli utanlandsproff i nettopp den danske klubben.
Laga møtes over to kampar 26. mars og 2. april.