Henrik Stenson mister vervet som kaptein for Ryder Cup, på grunn av lang tids spekulasjonar om at han skal vere på veg til den omstridde saudiarabiske LIV-serien, melder Ryder Cup Europa.
– Det er ikkje mogeleg å la han halde fram som kaptein, står det i pressemeldinga.
Overgangen er ikkje offisielt stadfesta enno, men rykta er så hardnakka at den europeiske Ryder Cup-komiteen har avsett den 46 år gamle svensken.
Ryder Cup er ein lagkonkurranse mellom Europa og USA, og eit høgdepunkt for dei beste golfarane. Stenson fekk kapteinsoppdraget i mars, og skulle setje saman laget som møter USA i Italia neste år.
– Det har vore mange spekulasjonar fram og tilbake. Men eg er heilt engasjert i kapteinsrolla i Ryder Cup, sa han til avisa Expressen. I mars.
Men menge media rapporterer at han allereie er samd med LIV om ein overgang. Den vil stenge han ute frå dei tradisjonelle golfturneringane.
LIV lokkar med pengepremiar som er langt større enn det PGA-turneringane kan skilte med. Ifølgje The Telegraph skal Stenson har fått 475 millionar kroner berre for å signere for den nye ligaen.
Den saudiarabiske LIV-ligaen er kontroversiell fordi han er sett på som sportsvasking i stor stil. Saudi-Arabia er skulda for å ha eit svært dårleg tilhøve til menneskerettane.
Det er ikkje klart kven som tek over kapteinsansvaret etter Stenson.