Stavanger nærmar seg hockey-pokalen

Les hele artikkelen

Stavanger Oilers er berre éin siger unna sin første NM-tittel sidan 2017. Rogalendingane snudde og vann 3–2 over Storhamar i den tredje finalekampen fredag.
Storhamar leia 1–0 etter første periode. Men Stavanger scora tre i midtperioden, og då hjelpte det ikkje at gjestene reduserte 23 sekund før kampen var over.
Dermed kan årets seriemeister sikre tittelen på bortebane allereie søndag. Etter tre kampar mot Hamar-laget kan rogalendingane sjå tilbake på 6-0-, 2-1- og 3-2-sigrar.
Stavanger Oilers blei noregsmeister seinast i 2017, medan Storhamar sist løfta pokalen året etter. Sluttspelet blei avlyst i både 2020 og 2021 som følgje av koronapandemien.