Russiske spelarar får ikkje ta Stanley Cup-pokalen med seg til heimlandet, opplyste fungerande NHL-sjef Bill Daly før første finalekamp i natt.
Tradisjonelt skal kvar spelar på vinnarlaget få låne pokalen med seg heim i eitt døgn, uansett kvar dei kjem frå.
Fire av spelarane til dei to finalelaga er russiske – tre i Tampa Bay Lightening og ein i Colorado Avalanche.
Colorado vann den første av inntil sju kampar om Stanley Cup med 4-3 over Tampa Bay i natt.
Andre Burakovski scora sigersmålet 1.23 inne i tilleggstida.
Neste kamp går laurdag, også den i Denver.