Premier League stadfestar no at styreleiar Gary Hoffman trekkjer seg, og går av i slutten av januar, melder Daily Mail.
Årsaka er mistillit etter at PL nyleg godkjende det omstridde saudiarabiske oppkjøpet av Newcaste United.
På eit ekstraordinært medlemsmøte i PL i oktober skal Burnley ha uttrykt direkte mistillit til styreleiaren, som hadde tilltate oppkjøpet. Fleire andre klubbar uttrykte også misnøye på det møtet.
Hovudinnvendinga var at styret skal ha pressa gjennom oppkjøpet raskt og utan å informere dei andre klubbane.
Trass i at det aldri har vore reist formelt krav om at han måtte gå av, valde han sjølv å trekkje seg, skriv avisa.
Hoffman har hatt styreleiar-vervet i berre 18 månader.
Kritikken mot at eit konsortium, eigd av eit statleg investeringsselskap i Saudi-Arabia, har fått kjøpe Newcastle, har vore stor også utanfor PL. Oppkjøpet er av mange karakterisert som «sportsvasking».