Stabæk-talent klar for fransk storklubb

Les hele artikkelen

Elida Kolbjørnsen (16) har signert for Lyon i Frankrike. Der blir ho klubbvenninne med Ada Hegerberg og Ingrid Syrstad Engen.
Lyon kunngjorde at kontrakten går til 2028. Kolbjørnsen skal starte å spele for klubben sitt akademi.
– Eg gler meg masse til nye utfordringar i Lyon. Det er ein draum som går i oppfylling, seier 16-åringen i eit utsegn frå Stabæk.
Kolbjørnsen signerte si fyrste proffkontrakt som 15-åring i 2023, og har sidan spelt fleire kampar for Stabæk sitt A-lag.
(NTB)