Kasper Harlem Fosser og Andrine Benjaminsen spring alle distansar under sprint-VM i orientering i Danmark i slutten av juni.
Landslagssjef Janne Salmi har tatt ut fem kvinner og fire menn i troppen etter uttaksløp i Danmark og verdscup i Sverige.
– Det har vore eit utfordrande uttak, med små marginar og litt ustabile prestasjonar dei norske løparane imellom, seier landslagssjefen til orientering.no.
Troppen, menn: Kasper Harlem Fosser (sprint, knockoutsprint, sprintstafett), HÃ¥vard Sandstad Eidsmo (sprint, knockoutsprint), Lukas Liland (sprint, sprintstafett), Trond Einar Moen Pedersli (knockoutsprint).
Kvinner: Andrine Benjaminsen (sprint, knockoutsprint, sprintstafett), Ane Dyrkorn (sprint, sprintstafett), Victoria Hæstad Bjørnstad (knockoutsprint), Ingrid Lundanes (sprint), Marie Olaussen (knockoutsprint).