Spania og Sverige blei onsdag det 10. og 11. laget som sikra plass i EM-sluttspelet i handball for kvinner, med kvar sin klare siger.
Spania vann 29–20 borte mot Slovakia, medan Sverige gjorde jobben med 29–23 borte mot Island. No står det att berre fem sluttspelbillettar, og fire av dei vil finne sin eigar seinast søndag.
Ukraina har på grunn av krigen fått sine to siste kampar mot Tsjekkia utsett til juni. Tsjekkia gav onsdag allereie EM-klare Frankrike det første EM-kvalifiseringstapet på over ti år.
Frankrike var utan tap i 19 slike kampar, men Tsjekkia vann 31–30 i Plzen. Tar tsjekkarane poeng frå Kroatia søndag, vil den siste plassen i sluttspelet framleis vere ledig når gruppene skal trekkjast neste torsdag.
Noreg er automatisk EM-klar som tittelforsvarar, saman med de tre EM-vertane Slovenia, Nord-Makedonia og Montenegro. Før onsdag var Polen, Sveits, Danmark, Nederland og Frankrike sikre.
EM skal spelast i november.