Umar Sadiq blei henta inn som Alexander Sørloths spissmakker i Real Sociedad på siste dag av overgangsvindauget. Debuten kunne knapt enda verre.
Nigerianske Sadiq, som blei henta til Sociedad frå serbiske Partizan, scora då han fekk debuten for sin nye klubb heime mot Atlético Madrid. Då kom han inn som innbytar etter pause.
Søndag fekk han sjansen som Alexander Sørloths makker i angrepet frå start i bortekampen mot Getafe. Den opplevinga enda med heilt motsett forteikn.
Sju minutt før pause gjekk Sadiq i bakken med store smerter. Måndag opplyser Real Sociedad at spissen har avrive fremre korsband i det eine kneet. Det betyr eit langt skadeavbrekk.
Sadiq blei henta inn i kjølvatnet av at svenske Alexander Isak blei seld til Premier League-klubben Newcastle.
No må Real Sociedad-trener Imanol Alguacil sjå seg om etter ein annan Sørloth-makker.
Søndagens kamp mot Getafe enda med 1-2-tap.