Sørloth vann «heilnorsk» La Liga-duell

Les hele artikkelen

Det blei ein heilnorsk duell då Jørgen Strand Larsens Celta Vigo tapte 1–2 heime for Alexander Sørloths Real Sociedad i La Liga søndag.
Gjestene tok leiinga då Asier Illarramendi banka inn 1-0-målet etter nøyaktig ein halvtime spelt.
Iago Aspas utlikna etter at Martin Zubimendi rota det skikkeleg til på eigen banehalvdel, og spelte måltjuven åleine med keeper.
Igor Zubeldia sette inn kampens siste mål med hovudet på ein corner. Dermed sikra «La Real» sesongens fjerde bortesiger i ligaen.
Real Sociedad ligg på 4.-plass i La Liga med 19 poeng etter ni serierundar. Celta ligg sju plassar lenger nede på tabellen, med berre 10 poeng.
Sørloth står med tre mål og éin assist sidan han blei lånt ut frå RB Leipzig i sommar. Strand Larsen har ikkje fått ein like god start på sin karriere i Celta Vigo med eitt mål og to assist.