Alexander Sørloth (26) er kåret til Real Sociedads mest verdfulle spelar i april.
Det opplyser den spanske klubben på sin Twitter-konto tysdag.
Sørloth har scora eitt mål på dei fire ligakampane som er spelt denne månaden. Det kom i 2-1-sigeren borte mot Elche.
Trønderen har fått mykje speletid på klubblaget den siste tida. Han spelte alle 90 minutta i tre av kampane i april. Mot Elche blei han bytta ut etter 68 minutt.
Sørloth er lånt ut til Real Sociedad frå Leipzig denne sesongen. Avtalen går ut i sommar. Spekulasjonane rundt trønderen si framtid er for lengst starta.
Nyleg blei det kjent at den tyrkiske storklubben Besiktas har plassert den norske landslagsspissen høgt på si ønskjeliste før sommarens overgangsvindauge.
Sørloth har ei høg stjerne i tyrkisk fotball frå tida i Trabzonspor. Der hadde den norske landslagsstjerna stor suksess. No håpar Besiktas å lokke trønderen tilbake til superligaen.