Det søramerikanske fotballforbundet støttar samrøystes attval av Gianni Infantino som FIFA-president ved valet i mars neste år. Det seier forbundet i ei pressemelding.
Infantino stiller til val for sin tredje presidentperiode. Han blei vald for første gong i 2016, då Sepp Blatter måtte gå av etter 18 år i vervet.
Også dei regionale fotballforbunda i Asia og Afrika har gitt støtte til 52-åringen frå Sveits.