Sør-Afrika ønskjer åp arrangere fotball-VM for kvinner i 2027. Det kunngjorde det sørafrikanske fotballforbundet tysdag.
Dei tek sikte på å bruke dei same arenaene som under VM for menn i 2010 – det einaste fotball-VM på det afriklanske kontinentet hittil.
Dei får konkurranse frå Nederland, Belgia og Tyskland, som har levert ein felles søknad.
VM neste år går i Australia og New Zealand, og blir utvida frå 24 til 32 lag.